Anis
Utsjånad
| Anis | |
Anis | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
| Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
| Underfamilie: | Apioideae |
| Slekt: | Pimpinella |
| Art: | Anis P. anisum |
| Vitskapleg namn | |
| Pimpinella anisum | |
Anis (Pimpinella anisum) er ein art i skjermplantefamilien. Han er ein eittårig plante som stammar frå dei austlege middelhavslanda. Anis blir dyrka som krydderplante i alle tempererte land. Frukta inneheld ei aromatisk olje, og blir brukt som krydder i brød og bakverk eller i anislikørar.
I folkemedisinen blei anis i tidligere tider brukt saman med karve i graut til omslag, og i kokt mjølk mot hoste og håsleik. Anisolje blei brukt mot sug for brystet, og var rekna som eit effektivt middel mot hoggormbit.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Anis», Store norske leksikon, 31. desember 2014