Hopp til innhald

Bumbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Image
Eit glas bumbo.

Bumbo, også kalla bombo eller bumboo, er ein cocktail som blandar rom, vatn, sukker og muskat.[1] I dag bruker ein ofte kanel i staden for muskat.

Bumbo vart utvikla frå grogg av sjømenn og piratar i det karibiske havet. Grogg inneheld ein del sitrusjus, som verna sjømenn mot skjørbuk, men også gjorde drykken sur. Sjømenn i det karibiske området turvte ikkje sitrusjus fordi reisene deira var kortare og dei åt ein del frukt og grønsaker på skipet. Dei brukte difor sukker og muskat i staden for sitronjus for å få ein søtare drykk.

I 1700-åra vart bumbo populær i britisk Nord-Amerika. Han vart so ofte brukt i valkampanjar for å lokka veljarar at skikken med å gje gåver åt dei røystføre fekk namn «swilling the planters with bumbo» (å mata bøndene med bumbo).[2] I valkampanjen for delstatsparlamentet i Virginia i juli 1758, til dømes, brukte George Washington om lag 605 liter rom for å laga bumbo for 391 veljarar.[3]

  1. ↑ «bumbo». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005. (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  2. ↑ "Swilling the Planters With Bumbu: When Booze Bought Elections", The Smithsonian
  3. ↑ Michael Pinto-Duschinsky (2002). «Financing Politics: A Global View». Journal of Democracy 13:4: 69–86.