John Bull
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Komponisten John Bull.
| John Bull | |||
| | |||
| Identifisert med | Britannia, British Lion | ||
|---|---|---|---|
John Bull er ein personifikasjon av Storbritannia som nasjon og av nasjonaltypen, særleg den engelske folkekarakteren. Figuren har vore brukt som eit folkeleg nasjonalsymbol i karikaturteikningar, plakatar og annonsar frå sist på 1700- til ut på 1900-talet.
John Bull blir typisk framstilt som ein tjukkfallen, godmodig, jordnær og sjølvstendig bondemann frå den engelske landsbygda, tidvis komisk, tidvis meir fornem, iført tradisjonell skjøtefrakk, ridestøvlar og flosshatt.
Utsjånad og bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]
Kallenamnet «John Bull» og figuren skal ha opptredd for fyrste gong i den satiriske pamfletten Law is a Bottomless Pit og skriftet History of John Bull frå 1712, skrivne av den engelske lækjaren, forfattaren og komponisten John Arbuthnot.
John Bull blir ofte framstilt som traust og uredd, og blir teikna som ein sidrumpa, middelaldrande mann med breie ansiktstrekk og grått kinnskegg. Han er kledd i open livkjole, lys vest, knebukser og støvlar, eit antrekk som var vanleg i regency-tida frå 1795 til 1820 (britisk empirestil). Den låge, breie hattepullen på flosshatten viser både til denne historiske herremoten og at det er ein mann av middelklasse. John Bull var opphavleg ein latterleg figur, men har i patriotiske samanhengar blitt portrettert som ein meir staselig storbonde. Sidan fyrst på 1900-talet har vesten blittdekorert med eit slåande Union Jack-flagg. Karakteren har òg ofte vorte teikna saman med ein bulldog.
John Bull-figuren var utbreidd i politiske avisteikningar, nasjonalistisk propaganda og reklamekampanjer fram til og med den fyrste verdskrigen. Skikkelsen har òg seinare representert noko tradisjonelt engelsk eller britisk.
Alternativt har Storbritannia vore framstilt som det kvinnelege nasjonalsymbolet Britannia, eller ei løve.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Bull» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2026.