Malmesbury
Utsjånad
| Malmesbury | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Wiltshire | ||
| Folketal | 5 968 (2021)[1] | ||
| Grunnlagd | 1. hundreåret fvt. | ||
| Postnummer | SN16 | ||
| Retningsnummer | 0 1666 | ||
![]() Malmesbury 51°35′05″N 2°05′59″W / 51.5848°N 2.0996°W | |||
| Wikimedia Commons: Malmesbury, Wiltshire | |||
Malmesbury er ein by i det nordvestlege Wiltshire i England. Han ligg i nærleiken av Cirencester i Chippenham og Swindon, og grensar mot elver på tre sider. Han vart truleg grunnlagt i 1. hundreåret fvt.
Malmesbury er den eldste valkretsen (borough) i England. Han vart før den industrielle revolusjonen eit sentrum for blondeproduksjon, og industrialiseringa fekk, underleg nok, ingen store effektar.

Foto: Pam Brophy
Den viktigaste attraksjonen er Malmesbury Abbey, eit kloster som hadde si stordomstid på 1100-talet. Mykje av det vart øydelagt då Henrik VIII oppløyste det i 1536, og av ein brann, men omfattande ruinar står igjen.
Malmesbury er venskapsby med Niebüll i Tyskland og Gien i Frankrike.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Malmesbury» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
