Hopp til innhald

Melvillesundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melvillesundet
sund
Land Image Canada
Kart
Melvillesundet
74°N 108°W / 74°N 108°W / 74; -108
Melvillesundet i Nunavut.
Melvillesundet i Nunavut.
Melvillesundet i Nunavut.

Melvillesundet (engelsk Viscount Melville Sound) er eit sund i Kitikmeot i Nunavut i Canada. Sundet er ein del av Parrykanalen og skil Kitlineq og Prince of Wales Island frå Elisabetøyane. Aust for sundet ligg Lancastersundet, som munnar ut i Baffinbukta; mot vest ligg McCluresundet og Nordishavet. Sundet er ein del av Nordvestpassasjen.[1]

Sundet har namn etter Robert Dundas, 2. viscount Melville,[2] som var First Lord of the Admiralty i periodane 1812–1827 og 1828–1830, og bidrog mykje til utforsking av Arktis.[3]

I 1853 forlét Edward Belcher skipet sitt, HMS «Resolute», i Melvillesundet. Ekspedisjonen han leia, var på leiting etter John Franklin.

  1. ↑ «Viscount Melville Sound». The American Heritage Dictionary of the English Language: Fourth Edition. bartleby.com. 2000. Henta 2008-10-12.
  2. ↑ Barber, Katherine, red. (2004), «Viscount Melville Sound», The Canadian Oxford Dictionary, Oxford University Press
  3. ↑ Nordisk familjebok, «Dundas, 2. Robert Saunders D., 2:e viscount Melville», 1913.