Hopp til innhald

Plauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plauen
by
Image
Image
Våpenskjold
Land Image Tyskland
Stat Sachsen
Region Chemnitz
Landkreis Kreisfri by
Høgd 412 m
Areal 102,11 km²
Folketal 64 893 (31. desember 2025)[1]
Grunnlagd 1100-talet
Postnummer 08523–08529
Retningsnummer 03741
Bilnummer PL
Kart
Plauen
50°29′42″N 12°08′18″E / 50.495°N 12.138333333333°E / 50.495; 12.138333333333
Wikimedia Commons: Plauen

Plauen er ein by i Tyskland ved elva Weiße Elster i delstaten Sachsen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg nær grensa til Bayern og Tsjekkia.

Byen vart grunnlagd av slavarar på 1100-talet og vart ein del av Böhmen i 1327 og av Sachsen i 1466. På 1800-talet vart Plauen eit senter for tekstilproduksjon, særleg blonder. I 1912 nådde Plauen toppen når det gjeld folketal med 128 000 innbyggjarar.

I 1930-talet fekk Plauen den tvilsame æra av å halde det første nazimøtet utanfor Bayern.

Frå 1945 var byen ein del av den sovjetiske okkupasjonssonen i Tyskland, og frå 1949 til 1990 høyrte han til Aust-Tyskland. I løpet av denne perioden var det ein stor sovjetisk okkupasjonsgarnison i byen og dei siste åra låg det ein offisersskule for grensesoldater her (Grenztruppen der DDR). Innbyggjartalet i byen fall dramatisk etter den andre verdskrigen. Plauen var den første byen i tidlegare Aust-Tyskland som fekk ein McDonald's-restaurant.

Image
Utsyn over byen.
  1. ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2025 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 27. august 2026, Wikidata Q141265959, henta 3. september 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Plauen