Tarija
| Tarija | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| |||||
| Land Region |
Bolivia Tarija-departementet | ||||
| Innbyggjarar • By (2012) |
179 528[1] | ||||
| Høgd | 1860 m | ||||
| Nettstad: http://www.tarija.bo | |||||
|
| |||||
Tarija, grunnlagd under namnet San Bernardo eller Villa de San Bernardo de la Frontera de Tarija, er ein kommune og ein by sør i Bolivia. Byen er hovudstad og den mest folkerike byen i provinsen Cercado og i Tarija-departementet. Han har om lag 247 000 innbyggjarar. Byen ligg i dei lågtliggjande dalane ved elva Nuevo Guadalquivir, 1834 moh.
Byen Tarija er vertskap for ei rekkje festivalar og folkloristiske arrangement av stor nasjonal og internasjonal betydning. I byen finst fleire viktige nasjonalmonument, mellom anna kyrkjer, museum for paleontologi og arkeologi og eit nasjonalt astronomisk observatorium.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Tarija har eit temperert klima, med ein gjennomsnittstemperatur på om lag 20 °C, men dei ulike årstidene er tydeleg markerte. Om vinteren, særleg i juli, fell temperaturen ofte under 9 °C, og det kan førekome uvanleg låge temperaturar for denne breiddegraden og høgda over havet. Den geografiske plasseringa, høgda over havet og klimaet legg til rette for dyrking av edle druesortar og dermed produksjon av kvalitetsvin.
Vintrane har vanlegvis behagelege temperaturar om dagen og kalde netter. I 1966 vart det registrert ein absolutt minimumstemperatur på −9,5 °C i byen, og 20. juli 2010 fall temperaturen til −9,2 °C, saman med lett snøfall. 25. juli 2019 kom det kraftigaste og mest intense snøfallet som er registrert i byen, basert på dei offisielle målingane som har vore førte sidan 1954.
Etter Köppen si klimaklassifisering kan klimaet i Tarija klassifiserast som eit varmt halvtørt klima (BSh/BSk), på grensa mot eit klima med tørre vintrar og milde somrar (Cwb).
| Vêrdata for Lufthamna i Tarija (høgd: 1,875 moh), 1981–2010 normalar; ekstremar 1962–notid) | |||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
| Høgast målte °C | 36,5 | 37,4 | 37,5 | 37,3 | 36,2 | 34,6 | 36 | 37,4 | 39,5 | 39,7 | 37,8 | 38,8 | 39,7 |
| Gjennomsnittleg maks °C | 27,1 | 26,6 | 26,6 | 25,9 | 24,8 | 24,4 | 23,9 | 25,6 | 26,1 | 27,5 | 27,4 | 27,5 | 26,1 |
| Døgnmiddeltemperatur °C | 20,8 | 20,3 | 20,2 | 18,6 | 15,5 | 13,6 | 13,2 | 15,4 | 17 | 19,7 | 20,3 | 21 | 18 |
| Gjennomsnittleg min °C | 14,7 | 14,1 | 13,8 | 11,3 | 6,3 | 2,7 | 2,5 | 5,2 | 7,9 | 11,9 | 13,3 | 14,4 | 9,8 |
| Lågast målte °C | 6 | 4 | 5 | −2 | −3 | −7,7 | −9,2 | −8 | −4,2 | 0 | 3 | 0 | −9,2 |
| Gjennomsnittleg nedbør mm | 130,2 | 100,4 | 90,3 | 16,1 | 1,7 | 0,2 | 0,3 | 1,9 | 7 | 37,1 | 73,2 | 125,9 | 584,3 |
| Gns. nedbørsdagar | 14,8 | 12,5 | 11,2 | 4 | 1,1 | 0,3 | 0,3 | 0,9 | 2,6 | 6,8 | 10,4 | 12,8 | 77,6 |
| Gns. luftfukt (%) | 67,1 | 68,9 | 68,6 | 65,6 | 58,9 | 53 | 51,9 | 50 | 50,8 | 54,6 | 59,6 | 64,1 | 66,2 |
| Kjelde: Servicio Nacional de Meteorología e Hidrología de Bolivia | |||||||||||||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «Tarija» frå Wikipedia på spansk, den 17. september 2026

