Hopp til innhald

Vergil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vergil
Image
StatsborgarskapRomarriket
Fødd15. oktober 70 f.Kr.
Borgo Virgilio, Andes, Mantova
Død

21. september 19 f.Kr. (48 år)
Brindisi

Yrkelyrikar, skribent
Språklatin
Sjangerepos, Hyrdingdikting
MorMagia Polla
Vergil på Commons

Publius Vergillius Maro (15. oktober 70–19 f.Kr.) var ein romersk skald.

Vergil vart fødd i landsbyen Andes ved Mantua (i dag Montova) i Gallia Cisalpina, dagens Lombardia. Han gjekk på skule i Cremona og Roma. 21 år gammal fekk han romersk borgarrett av Julius Cæsar. På ei ferd i Hellas vart han febersjuk, og måtte venda heim til Italia; han døydde i Brundisium nokre dagar etter.

Hovudverket hans er Æneiden, eit episk dikt i tolv bind. Dette blei nasjonaleposet for Romarriket, og har lenge vore sett på som eit av dei viktigaste verka i europeisk litteratur.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Vergil