Ísafjörður er ein by på Islands nordvestkyst, ved fjorden Ísafjarðardjúp. Byen ligg på ei øy i den tronge fjordarmen Skutulsfjörður, omgitt av 600–700 meter høge fjell.
Ísafjörður er det viktigaste senteret for fiske og handel i Vestfjordane, med store fryserianlegg, maskinindustri og skipsverft. Byen er også trafikknutepunkt med særleg god hamn, flyplass og heilårsveg til Reykjavík. Ísafjörður fekk byrettar i 1866.
I Ísafjörður blir kvart år arrangert musikkfestivalen Aldrei fór ég suður og det europeiske meisterskapet i gjørmefotball.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.