Þingeyjar er eit område på Nord-Island. Namnet går attende til Magnus Lagabøtes Jónsbók, der Þingeyjartinget er nemnt.
Kommunen Þingeyjarsveit omfattar dalføret langs Skjálfandafljót frå kysten heilt opp til Vatnajökull. Jökulsá á Fjöllum er austgrense for kommunen, som også omfattar traktene omkring Mývatn. Med sine 12 000 km2 er Þingeyjarsveit Islands største kommune i areal. Kommunesenter er Húsavík. Kommunen har 1400 innbyggarar (2023).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.