Sypress er ei planteslekt i sypressfamilien, med cirka 25 artar.
Eigenskapar
Artane i slekta er eviggrøne bartre. Dei har krossvis motsette, skjelforma blad. Frøkonglene er runde med tjukke og skjoldforma kongleskjel med mange frøemne. Veden er hard og verdifull.
Artar
- Middelhavssypress, Cupressus sempervirens, har i si vanlegaste form ei smal pyramideforma krone på inntil 30 meters høgd. Kan bli over 100 år. Stammar frå Orienten og Hellas, frå gammal tid dyrka i middelhavslanda.
- I India veks himalayasypress, Cupressus torulosa, som kan bli inntil 50 meter høg.
- Montereysypress (stovesypress), Cupressus macrocarpa, frå California blir brukt som stoveplante.
- Krysninga mellom nutkasypress og montereysypress blir kalla leylandsypress, Cupressus x leylandii, og kan dyrkast i vintermilde strok i Noreg (herdigheit H3).
- Den amerikanske arten meksikansk sypress, Cupressus lusitanica, blir også brukt som prydplante lenger sør i Europa.
Namnet sypress blir også brukt om artar i lawsonsypress-slekta (Chamaecyparis). Nutkasypress, Callitropsis nootkatensis, frå vestlege Nord-Amerika er ein herdig art som kan vekse på friland i Noreg (herdigheit H4—6). Arten har tidlegare vore ført til både slekta Chamaecyparis og slekta Cupressus.
Systematikk
| Nivå | Vitskapleg namn | Norsk namn |
|---|---|---|
| Rike | Plantae | planteriket |
| Rekkje | Pinophyta | nakenfrøete planter, nakenfrøingar |
| Klasse | Pinopsida | bartrær |
| Orden | Pinales | furuordenen |
| Familie | Cupressaceae | sypressfamilien |
| Slekt | Cupressus | sypress-slekta |
Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).