Langjökull er Islands nest største isbre, med eit areal på 935 kvadratkilometer. Isbreen er om lag 50 kilometer lang, 15–20 kilometer brei og nesten 600 meter på det tjukkaste. Langjökull blei i sagatida kalla Baldjökull og er omtalt i Harðarsagaen.
Under isen ligg to aktive vulkanar. Elvene Hvítá í Borgarfirði og Hvítá í Árnessýslu har sine kjelder i Langjökull.
Langjökull minkar på grunn av global oppvarming, og nokre forskarar fryktar at isbreen kan forsvinne i løpet av 150 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.