Mýrdalur er eit område på Sør-Island med fleire stutte dalføre på sørsida av isbreen Mýrdalsjökull. På stranda utanfor Mýrdalur står den 120 meter høge og steile klippa Dyrhólaey, 63° 24ʹ nordleg breidde, og er det sørlegaste punktet på Island.
Reynisdrangar er ei samling basaltsøyler ved foten av Reynisfjall. Søylene er opptil 66 meter høge. Den svarte vulkansandstranda blei i 1991 kåra til ein av dei ti vakraste ikkje-tropiske stadene i verda. Reynisfjall er om lag fem kilometer langt, 800 meter breitt og med høgste punkt 340 meter over havet.
Kommunen Mýrdalshreppur har 880 innbyggarar i 2024; dei fleste bur i administrasjonssenteret Vík.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.