Sterk bøying er i grammatikk særskilde måtar å bøye verb, substantiv og adjektiv. Typiske eksempel på sterke verb i norsk er skrive og stikke, som i preteritum (fortid) blir skreiv og stakk. Sterk bøying står i motsetnad til svak bøying. Eksempel på svake (linne) verb er kaste og byggje, som i preteritum blir kasta og bygde.
Faktaboks
- Også kjend som
-
sterk bøyning
Det karakteristiske ved sterk bøying i norsk er at nokre av bøyingsendingane (suffiksa) i mindre grad inneheld ein vokal enn ved svak bøying. Skiljet mellom sterk og svak bøying finst i alle germanske språk, men ikkje alle har det ved substantiv og adjektiv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.