Faktaboks

Tor Fretheim
Fødd
13. mai 1946
Død
9. desember 2018
Virke
Forfattar, omsetjar og journalist
Familie

Foreldre: kjøpmann Oscar Fretheim (1913–2004) og kjøpmann Grethe Nielsen (1913–2000).

Registrert partner 1997 med skodespelar Knut Thomassen Vardtun (1946–2024).

Image
Av /Cappelen Damm.
Image
Tor Fretheim
Av /NTB ※.

Tor Fretheim var ein norsk forfattar og omsetjar, og tidlegare journalist. Han skreiv hovudsakleg skjønnlitterære bøker for barn og ungdom, er omsett til fleire språk og har fått ei rekkje litterære prisar. I bøkene sine skildra han på ein inntrengjande måte gutars kamp for å avklare kjensler og identitet.

Bakgrunn

Fretheim voks opp i Sandefjord og frå 1953 i Oslo, der foreldra hadde kvar sin kolonialhandel. Etter examen artium i 1965 begynte han å studere ved Universitetet i Oslo og tok grunnfag i folkeminne og nordisk mellomfag. I 1971–1973 tok han Journalisthøyskolen i Oslo og fekk deretter jobb i avisa Samhold sitt lokalkontor på Fagernes. Han var journalist i Aftenposten i 1974–1986. Her jobba han mest med familie- og forbrukarstoff, og skreiv mellom anna mykje om barn og ungdom, til dømes om barn sine rettar, barnemishandling og familievold. Dette er også tema han har teke opp skjønnlitterært.

Skjønnlitteratur

Avklaring av kjensler og søking etter identitet er stadig tilbakevendande tema i Fretheims forfattarskap, ofte i forholdet mellom (ein ofte mentalt fråverande) far og (ein sårbar) son. Personane er ofte menn eller gutar som ikkje har så lett for å snakke saman, personar med eit problematisk kjensleliv. Samtidig er han språkleg oppfinnsam og ikkje redd for å nytte fantasi eller poesi som diktarisk verkemiddel, noko som også avspeglar seg i boktitlane.

Dramatikk

Fretheim starta si skjønnlitterære karriere som dramatikar, då han i 1977 fekk oppført skodespelet Hvem har sett Marte, fem år? i Radioteatret. Året etter vart skodespelet Gentlemen voldtas ikke oppført på fleire scener, mellom anna på Club 7 i Oslo. Seinare kom også einaktarane Bill. merk. Velsituert kvinne og Skillingsdrapet.

Barne- og ungdomsbøker

Fretheim bokdebuterte i 1982 med Markus kjenner ikke Supermann, ein roman om vennskap og (byrjande) kjærleik mellom to gutar, og som han blei tildelt Kulturdepartementets debutantpris for. Boka blei seinare dramatisert av forfattaren og send som høyrespelserie i NRK. Men det var med romanen Englene stanser på Eventyrbrua (1986) at Fretheim slo igjennom for alvor.

I sistnemnde bok og i Myk som marmor, hard som bomull (1993) og Ingen ild tenner stjernene (2008) viser Fretheim at han meistrar den vanskelege lettles-sjangeren. Vald i nære relasjonar er temaet i både Englene stanser ved Eventyrbrua og Kjære Miss Nina Simone (2012).

Etter Sirenene synger (1988), om Steffen som mot mora sin vilje reiser med faren til Sicilia, kom det som gjerne blir rekna som Fretheims hovudverk til no, dei tre romanane om Oslo-guten Emil Alm: Krigen, freden og sommerfuglene (1992), Langsom trio (1994) og Havmannen, kjøpmannen og Dr. Freud (1996). Her møter vi krigsbarnet Emil og forholdet hans til ein far som ikkje vil vite av han. Etter kvart som Emil blir større, får han vite meir og meir om farens bakgrunn i tysk konsentrasjonsleir og dei to barna faren blei kjend med der. Dermed forstår han betre farens reaksjonar, kvifor han har blitt som han er, og han ser forholdet mellom dei i eit anna lys.

Sentrale bøker i forfattarskapen er også Om bare sola ville danse (1990), ein roman om eit kjærleiksforhold mellom ein norsk unggut og ein nordafrikanar som har kome ulovleg inn i landet, og Kysset som fikk snøen til å smelte (1991), ei lettles-bok om å vedkjenne seg sin eigen homoseksualitet. Her blir homofil kjærleik skildra som kjelde både til lukke og til angst. Den siste vart filma i 1997 av Frank Mosvold.

Fleire av Fretheims bøker er omsette til andre språk (svensk, dansk og tysk), og sjølv har han omsett ei rekkje bøker til norsk, hovudsakleg frå svensk.

Anna arbeid

Han har òg skrive høyrespel for radio (Fugleungen, 1983, som også er gjeve ut som bok), og omsett fleire bøker av mellom anna Per Nilsson, Moni Nilsson og Henning Mankell. Shah Jahan. Matgledens hus (1997) er ei kokebok frå Pakistan (skriven saman med Khurram Ali). I 2002 gav han ut Grüners grønne hage, ein ungdomsroman frå Edvard Munchs oppvekst på Grünerløkka.

Fretheim har også vore fagpolitisk aktiv, som styremedlem i organisasjonen Norske barne- og ungdomsbokforfattere i 1987–1991 og formann i Det litterære rpd i 1994–1995.

Utmerkingar

Tor Fretheim har fått fleire prisar, mellom anna Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok i 1986 for Englene stanser ved Eventyrbrua, Litteraturpremien i Kulturdepartementets premiering 1991 for Kysset som fikk snøen til å smelte, og i 1992 blei han tildelt den austerrikske bokprisen for årets beste ungdomsbok på tysk. Han vart tildelt Aschehougprisen i 1996, Kulturdepartementets pris barne- og ungdomslitteratur for beste omsetjing i 2000 for omsetjingar av bøker av Henning Mankell og Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris 2012 for Kjære Miss Nina Simone.

Utgjevingar

  • Leons hemmelighet (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2016)
  • Kjære miss Nina Simone (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2012)
  • Alltid Andrea (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2010)
  • Ingen ild tenner stjernene (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2009)
  • Johnny og Johanna sommeren etter (Barnebok, NRK, 2006)
  • Ingenting, sa Sebastian (Barnebok, Cappelen Damm, 2005)
  • Grüners grønne hage (Ungdomsbok om Edvard Munch, Cappelen Damm, 2002)
  • Shaj Jahan. Matgledens hus. En kokebok fra Pakistan (Fagbok, Cappelen Damm, 1997)
  • Havmannen, Kjøpmannen og Dr. Freud (Barnebok, Gyldendal, 1996)
  • Langsom trio (Barnebok, Gyldendal, 1994)
  • Myk som marmor, hard som bomull (Barnebok, Cappelen Damm, 1994)
  • Krigen, freden og sommerfuglene (Barnebok, Gyldendal, 1992)
  • Det er så urettferdig, altså! Da barna fikk sitt eget ombud (Fagbok for barn, Aschehoug, 1991)
  • Kysset som fikk snøen til å smelte (Ungdomsbok, Damm, 1991)
  • Om bare sola ville danse (Barnebok, Gyldendal, 1990)
  • Sirenene synger (Barnebok, Gyldendal, 1988)
  • Englene stanser ved eventyrbrua (Barnebok, Gyldendal, 1986)
  • Bill. Merk. Velsituert kvinne (Roman, Solum, 1985)
  • Det kalles visst kjærlighet (Barnebok, Gyldendal, 1984)
  • Markus kjenner ikke Supermann (Barnebok, Gyldendal, 1982)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg