The Guardian
| The Guardian | |||
| | |||
| Land | Storbritannia[1] | ||
|---|---|---|---|
| Type | Dagsavis,[2] avis[1] | ||
| Format | Tabloid[3] | ||
| Frekvens | (måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag) | ||
| Grunnlagd | 5. mai 1821 | ||
| Eigarar | Guardian Media Group | ||
| Sjefredaktør(er) | Alan Rusbridger (1995– 1. juni 2015) | ||
| Språk | Engelsk[4] | ||
| Ideologi | Nyliberalisme | ||
| Politisk posisjon | Sentrum-venstre | ||
| Opplag | 107 899 (februar 2021),[5] 126 879 (februar 2020)[6] | ||
| Hovudkvarter | London | ||
| ISSN | 0261-3077 | ||
| OCLC | 476290235,[7] 60623878 | ||
| Nettstad | https://www.theguardian.com (engelsk) | ||
The Guardian er ei britisk avis gjeven ut av The Guardian Media Group plc i London. Den internasjonale utgåva, The Guardian Weekly, vert gjeven ut kvar veke over heile verda. Ho inneheld òg artiklar frå den britiske søndagsavisa The Observer, USA-amerikanske The Washington Post og franske Le Monde.
Historie
[endre | endre wikiteksten]The Guardian vart opphavleg grunnlagd som The Manchester Guardian i 1821 i Manchester.[8] I 1825 vart avisa slått saman med British Volunteer, og var kjend som The Manchester Guardian and British Volunteer fram til 1828.[9] Ho fekk det noverande namnet sitt i 1959.[10]
Tradisjonelt var The Guardian knytt til det britiske liberale partiet. Under den spanske borgarkrigen støtta ho venstresida og var den einaste noverande britiske avisa som ikkje støtta Francisco Francos nasjonalistar. The Guardian er ei av dei mest velsette avisene i Storbritannia, og er kjend for å vere uavhengig og ha høg journalistisk standard.[11][12]
I 2005 endra avisa format frå det tradisjonelle fullformatet (broadsheet) til berlinar (midi), blant anna som eit svar på at aviskonkurrentar som The Times og The Independent gjekk over til tabloidformat.
I november 2005 hadde avisa eit dagleg opplag på rundt 380 000 eksemplar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 https://www.newspapers.com/papers/; vitjingsdato: 5. oktober 2020.
- ↑ Gemeinsame Normdatei; vitjingsdato: 22. mars 2021; oppført som: Guardian; GND-id: 4158503-3.
- ↑ https://www.theguardian.com/media/2018/jan/15/guardian-new-look-online-katharine-viner?CMP=twt_gu.
- ↑ Gemeinsame Normdatei; GND-id: 4158503-3; oppført som: Guardian; språk på verk eller namn: tysk; vitjingsdato: 22. mars 2021.
- ↑ https://www.abc.org.uk/product/2451; språk på verk eller namn: engelsk; vitjingsdato: 22. mars 2021.
- ↑ https://www.abc.org.uk/product/2451; språk på verk eller namn: engelsk; vitjingsdato: 24. mars 2020.
- ↑ http://www.worldcat.org/title/guardian/oclc/476290235.
- ↑ Wainwright, Martin (13. august 2007). «Battle for the memory of Peterloo: Campaigners demand fitting tribute». The Guardian (London). Arkivert frå originalen 5. juli 2013. Henta 26. mars 2008.
- ↑ «The Manchester guardian and British volunteer – JH Libraries». Catalyst.library.jhu.edu. Arkivert frå originalen 4 March 2016. Henta 6. mars 2016.
- ↑ «Key moments in The Guardian's history: a timeline». The Guardian. 16. november 2017. Arkivert frå originalen 27. april 2021. Henta 3. april 2018.
- ↑ Corey Frost; Karen Weingarten; Doug Babington; Don LePan; Maureen Okun (30. nai 2017). The Broadview Guide to Writing: A Handbook for Students (6th utg.). Broadview Press. s. 27–. ISBN 978-1-55481-313-1. Arkivert frå originalen 29. juni 2023. Henta 9 March 2020.
- ↑ Greg Barton; Paul Weller; Ihsan Yilmaz (18. desember 2014). The Muslim World and Politics in Transition: Creative Contributions of the Gülen Movement. A&C Black. s. 28–. ISBN 978-1-4411-5873-4. Arkivert frå originalen 29. juni 2023. Henta 9. mars 2020.