Hopp til innhald

Waterloo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waterloo
by
Image
Land Image Belgia
Areal 21,03 km²
Folketal 30 174 (1. januar 2018)[1]
Kart
Waterloo
50°43′00″N 4°23′00″E / 50.716666666667°N 4.3833333333333°E / 50.716666666667; 4.3833333333333
Wikimedia Commons: Waterloo (Belgium)
Image
Toppen av monumentet på slagfeltet

Waterloo[a] er ein by i provinsen Vallonsk Brabant i Belgia, 15 km sør for Brussel. Han har 30 000 innbyggjarar (2018) og dekkjer eit areal på 21,04 km², med ein folketettleik på 1 393 innbyggjarar per km². Ein fjerdedel av innbyggjarane er utlendingar; dei fleste arbeider for EU-institusjonar i Brussel. St. John's International School, ein av dei største og eldste internatskulane i Belgia, ligg her. Det europeiske hovudkvarteret for MasterCard ligg òg her. Waterloo er eit sentrum for den norske kolonien i Belgia, og har òg ei norsk sjømannskyrkje.

Waterloo er særleg kjend på grunn av det kjende slaget ved Waterloo, som fann stad her den 18. juni 1815, då Arthur Wellesley og Blücher sigra over den franske hæren til Napoleon.

  1. Uttalt [watɛʁlo][2]
  1. «Wettelijke Bevolking per gemeente op 1 januari 2018». Henta 9. mars 2019.
  2. Jean-Marie Pierret, Phonétique historique du français et notions de phonétique générale, Peeters, Louvain-la-Neuve, 1994, s. 103.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Waterloo