Rekordinnsamling for TV-aksjonen

Over 260 millionar kr vart samla inn under årets TV-aksjon. Aldri før har TV-aksjonen samla inn så mykje pengar.

Legar utan grenser når dei fekk vite totalsummen - TV-aksjonen i NRK 2022

Legar utan grenser jublar når dei får vite totalsummen

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Det betyr enormt mykje. Det betyr mykje for pasientane våre, sa Lindis Hurum, generalsekretær i Legar utan grenser da totalbeløpet vart kjent.

I år går TV-aksjonen til Legar utan grenser og søsterorganisasjonen Drugs for Neglected Diseases initiative (DNDi).

Organisasjonen har valt aksjonsmottoet «grenselause sjukdommar – gløymde pasientar».

Pengane som blir samla inn skal bidra til å førebygge epidemiar og behandle menneske som blir ramma av kjente og ukjente sjukdommar i fire land; DR Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Bangladesh og Sierra Leone.

Resultatet vart på 266.211.650 kr.

Også Vipps slo tidlegare toppnoteringar. I alt 117 millionar kroner blei vippset og 452 000 betalingar er nye rekordar. Det er også snittbeløpet på 452 kroner per Vipps-donasjon, ifølge TV-aksjonen.

Rørt til tårer

Det at det er så mange i Noreg som vel å bidra med det dei kunne er heilt uvurderleg. Det er heilt definerande kven ein er som person, som organisasjon, eller nasjon kva ein gjer i møte med andres urett og liding. Det at så mange nordmenn vel å strekke ut ei hand er eg djupt rørt av, fortsette Hurum rørt til tårer.

Lindis Hurum, generalsekretær i Legar utan grenser og lege Morten Rostrup.

Lindis Hurum, generalsekretær i Legar utan grenser og lege Morten Rostrup er gjestar i TV-aksjonen.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Hurum har tidlegare jobba 15 år som feltarbeidar i Legar utan grenser, og veit kor mykje det betyr for menneske i nød å få hjelp.

Eg har sett kva det betyr å leve i eit land som blir gløymt. Da kjem det ikkje hjelp til. Da er det slik at ein kan døy av ein sjukdom som ein ikkje treng å døy av.

Enn så lenge er det Rogaland som er det fylket som har gitt mest, med Agder og Møre og Romsdal rett bak seg.

Sjekk kor mykje kommunen din har gitt så langt her.

200.000 kr for Girl in reds gitar

Det er mange måtar å støtte TV-aksjonen på. Du kan gi kontantar til bøsseberarane som er ute i dag. Du kan også vippse ditt bidrag til 2133.

I tillegg kan du sende SMS med kodeord TVA til 2133, eller overføre til TV-aksjonskonto: 8380 08 09005.

Ein har også kunne ha bydd på ulike ting i auksjonen. Der var det Girl in reds gitar som toppa auksjonen med heile 200.000 kr.

US Open Tennis

Av mange ting du kan by på er signert US Open-racket og panneband frå Casper Ruud.

Foto: Matt Rourke / AP

10 kr kan redde eit liv

Sidan DNDi vart oppretta i 2003 har organisasjonen utvikla 12 behandlingar mot seks livsfarlege sjukdommar. Dette har redda millionar av liv. Men det er framleis behov for hjelp:

  • Kvar dag døyr 1700 menneske av malaria.
  • 600 millionar bur i risikoområde for hudsjukdommen kala-azar.
  • 23 millionar liv er spart dei siste 20 åra takka vere meslingvaksinar.
  • Halvparten av verdas befolkning har ikkje tilgang til nødvendig helsehjelp.

Med pengane frå TV-aksjonen kan Legar utan grenser og DNDi fortsetje arbeidet med å førebygge sjukdommar og utvikle medisinar som kan hjelpe millionar av.

For skarve 10 kr kan du bidra med malariabehandling – og med det redde eit liv.

Sjå TV-aksjonen på NRK 1 frå kl. 19.50 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Første nordmann til å få svensk millionstipend

    Kim Andreas Roland Berger får Fredrik Roos stipend på 1 million svenske kroner og blir dermed den første ikke-svenske som får utdelingen.

    – Stipendet er et av de viktigste og største kunststipendene for unge, fremadstormende kunstnere i Norden, sier dekan ved Kunsthøgskolen i Oslo, Antonio Cataldo.

    Hittil har den svenske kunstinstitusjonen, Artipelag, kun delt ut stipendet til kunstnere med tilknytning til svenske kunstutdanningsinstitusjoner. Men i fjor ble det åpnet for at utøvere fra andre nordiske land kunne få æren.

    Portrett av Kim Andreas som sitter på en krakk og ser i kamera. Han har langt mørkt hår, lyseblå genser og beige bukser. Omgivelsene ser ut til å være på et kunststudio.
    Grafikk: Maria Bårdsdatter Foslie / Artipelag
  • Skal lede Kringkastingsringen

    Beate Marie Dahl Eide fra Seljord er ny leder i Kringkastingsringen.

    Eide, som blant annet har vært ordfører for Senterpartiet i Seljord kommune, tar over ledervervet etter Jógvan Helge Gardar.

    Kringkastingsringen er en organisasjon som jobber for at det er minst 25 prosent nynorsk i NRK, og mest mulig nynorsk, samisk og dialekt i andre mediekanaler.

    Eide sier at hun er stolt over å få muligheten til å lede organisasjonens arbeid fremover.

    Portrettbilde av en kvinne.
    Foto: Camilla Moen
  • Vil gjeninnføre «Den kulturelle spaserstokken»

    Et flertall i fylkestinget ønsker å gjeninnføre «Den kulturelle spaserstokken». Det er KrF som står bak forslaget og ambisjonen er at dette skal gjeninnføres i løpet av året.

    Den kulturelle spaserstokken tilbyr gratis kunst- og kulturtilbud for innbyggere over 67 år, men i Møre og Romsdal ble ordningen avviklet fra nyttår.

    Forslaget innebærer at fylkeskommunedirektøren skal komme tilbake til fylkestinget med oversikt over kostnader og finansiering.

    Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak gjorde det klart at dette kan bli krevende fordi den kompetansen en hadde, ikke lenger er der.