Beijing
| Běijīng | |||
| 北京 | |||
| by | |||
Himmelfredplassen i Beijing. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Høgd | 43,5 m | ||
| Areal | 16 410,54 km² | ||
| Folketal | 21 893 095 (2020)[1] | ||
| Tidssone | UTC +8 | ||
| Postnummer | 100000–102629 | ||
| Retningsnummer | 10 | ||
![]() Beijing 39°54′15″N 116°24′27″E / 39.90403°N 116.407526°E | |||
| Wikimedia Commons: Beijing | |||

Beijing[a] er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.
Byen har vore hovudstad i Kina sidan oktober 1949 og òg før det i ei rekkje periodar, samanlagt i over 600 år. I dag er han ein byprovins i Folkerepublikken Kina, det vil seia at byen er direkte underlagt staten på same vis som provinsane i landet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 京 for Jing (brukt m.a. på bilskilt).
Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai. Ved utgangen av 2020 hadde han 21 893 095 innbyggjarar. I sjølve bykjernen budde det per 1. januar 2007 7,6 millionar personar. Det totale forvaltningsområdet til Beijing (heile byprovinsen) husa 17,43 millionar, av desse var 12,03 millionar registrerte som faste innbyggjarar, medan 5,4 millionar var mellombels busette (liudong rénkou). Det er òg nokre millionar kinesiske arbeidarar frå andre provinsar der og som ikkje har buløyve i byen.
Beijing er det politiske og kulturelle sentrumet i Kina, medan Shanghai framleis kan seiast å vera det økonomiske sentrumet i landet, i skarp konkurranse med Hongkong. Gjennom den lange historia si har Beijing utvikla ei variert og eineståande kulturarv. Det ligg fleire verdsarvstader her: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[2] Den kinesiske staten har ei eiga liste over Nasjonale historiske minnestader og kulturgode under statleg vern. Denne lista omfattar 98 bygningar, anlegg eller anna i Beijing (etter oppføringsvedtaka frå 25. mai 2006).
Beijing arrangerte Dei 29. olympiske sommarleikane i 2008. Det blei anlagt ein olympisk bydel nord i byen, der dei fleste øvingane fann stad. Beijing rangerer som nummer 6 i verda i tal på skyskraparar. Beijing har blitt rangert som ein av dei viktigaste globale byane i verda økonomisk sett.[3][4][5]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Beijing (forenkla kinesisk 北京, pinyin Běijīng, Wade–Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[6] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[2] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[7]
Historie
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Beijing si historie.
Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[8] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[9]
Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Det ligg 91 universitet i Beijing.[10] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ kinesisk skrift 北京; pinyin Běijīng; Wade-Giles Pěi-chīng; kinesisk postalromanisering Peking; ⓘ – Beidjing
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ 国务院第七次全国人口普查领导小组办公室 (juli 2022). 中国人口普查分县资料—2020 (på kinesisk). Beijing: China Statistics Press. ISBN 978-7-5037-9772-9. Wikidata Q130368174.
- 1 2 «Beijing». Store norske leksikon. Henta 26. september 2019.
- ↑ «China: number of employees in Beijing 2022». Statista (på engelsk). Henta 5. januar 2024.
- ↑ «Shanghai World Financial Center». www.britannica.com (på engelsk). Henta 5. januar 2024.
- ↑ «The 2023 Global Cities Report: The distributed geography of opportunity». Kearney (på engelsk). Henta 5. januar 2024.
- ↑ Hucker, Charles O. (1958). «Governmental Organization of the Ming Dynasty». Harvard Journal of Asiatic Studies. 21: 1–66. doi:10.2307/2718619. JSTOR 2718619.
- ↑ Lane Harris (2008). «A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949». Twentieth Century China. 34 (1): 96–109. doi:10.1353/tcc.0.0007.
- ↑ Hou 1998: 38
- ↑ Hou 1998: 38
- ↑ «Archived copy» 2015年北京市高校名单(共91所). gaokao.com. 22. mai 2015. Arkivert frå originalen den 30. november 2016. Henta 29. november 2016.
{{cite web}}: CS1 maint: archived copy as title (link)
- Bibliografi
- Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.
- Denne artikkelen bygger på «Beijing» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2019 og 15. september 2026.

