Hopp til innhald

Lyman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyman
ukrainsk Лиман
by
Image
Jernbanestasjonen i Lyman
Image
Flagg
Image
våpen
Land Image Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Høgd 107 moh.
Koordinatar 49°39′N 38°21′E / 49.650°N 38.350°E / 49.650; 38.350
Areal 20 km²
Folketal 23 307 (2011)
Grunnlagd 1667
 •  Bystatus 1938
Postnummer 84400-84409
Kart
Lyman
48°59′10″N 37°48′40″E / 48.9861°N 37.8111°E / 48.9861; 37.8111
Kart som viser Lyman.
Kart som viser Lyman.
Image
Kart som viser Lyman.
Wikimedia Commons: Lyman (city)
Nettstad: Лиманська міськрада

Lyman (ukrainsk Лиман), kalla Krasnyj Lyman (ukrainsk Красний Лиман, 'Raude Lyman') frå 1925 til 2016,[1] er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Fram til 2016 var byen òg det administrative senteret i Lyman rajon, sjølv om han ikkje var ein del av rajonen. Byen er framleis senter i Lyman hromada.[2][3] Ved folketeljinga i 2001 hadde Lymane 28 172 innbyggjarar. I 2026, etter fleire år med krig hadde han eit folketal på 2034.[4]

Byen vart grunnlagd på 1600-talet av kosakkar som Liman (Lyman). Han fekk tilnamnet Krasnyj ('Raud') i 1925. Namnet vart endra tilbake til Lyman i 2016.

Under den administrative reforma som vart sett i verk i 1708 av Peter den store, vart Lyman eksplisitt nemnd som ein av byane som høyrde inn under Azov gubernija.[5][6]

Under den russiske invasjonen av Ukraina 2022 vart store delar av byen øydelagd av russiske og pro-russiske åtak med bombefly, rakettar og artilleri, før byen vart okkupert 27. mai.[7] Ved inngangen til oktober 2022 tok ukrainske styrkar byen tilbake.[8]

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

I følgje folketeljinga i 2001 hadde Lyman denne folkesetnaden:[9]

Etnisk samansetting
  1. ↑ «Rada de-communized Artemivsk as well as over hundred cities and villages» (på ukrainsk). Pravda.com.ua. 4. februar 2016. Henta 4. februar 2016.
  2. ↑ «Dovidnyk «Ukrayina. Administratyvno-terytorial'nyy ustriy». Donets'ka oblast'. 2. Naseleni punkty Donets'koyi oblasti. Mista oblasnoho znachennya (stanom na 01.06.2018)» Довідник «Україна. Адміністративно-територіальний устрій». Донецька область. 2. Населені пункти Донецької області. Міста обласного значення (станом на 01.06.2018) [Cataloque «Ukraine. Administrative-territorial structure». Donetsk Oblast. 2. Settlements of Donetsk Oblast. Cities of regional significance (as of 2018-06-01)] (RTF) (på ukrainsk). 1. juni 2018. Henta 23. juni 2018.
  3. ↑ «Lymans'ka hromada» Лиманська громада [Lyman Community]. Portal of United Territorial Communities of Ukraine (på ukrainsk). 1. juni 2018. Henta 23. juni 2018.
  4. ↑ «У Лиманській громаді на Донеччині залишилися 2 824 людини», www.ukrinform.ua (på ukrainsk), 2026-02-20, henta 2026-03-01
  5. ↑ Указ об учреждении губерний и о росписании к ним городов (ru)
  6. ↑ Архивный отдел Администрации Мурманской области. Государственный Архив Мурманской области. (1995). Административно-территориальное деление Мурманской области (1920-1993 гг.). Справочник. Мурманск: Мурманское издательско-полиграфическое предприятие "Север". s. 19–20.
  7. ↑ «Russland har tatt kontroll over strategisk viktig by: Satellittbilder viser skadene», VG, 28. mai 2022
  8. ↑ «Ukraine war: Russian troops forced out of eastern town Lyman». BBC News (på britisk engelsk). 2022-10-02.
  9. ↑ Національний склад та рідна мова населення Донецької області. Розподіл постійного населення за найбільш численними національностями та рідною мовою по міськрадах та районах [National composition and native language of the population of Donetsk region. Distribution of the permanent population by the most numerous nationalities and native language by city councils and districts] (på ukrainsk), arkivert frå originalen 2012-02-07