Hopp til innhald

Max Beckmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Beckmann
Image
StatsborgarskapTyskland
Fødd27. februar 1884
Leipzig
Død

27. desember 1950 (66 år)
New York by

Yrkekunstmålar, bilethoggar, CAD-tegner, arkitektur, grafikar, skribent, universitetslærar, grafikar, illustratør
Språktysk
Medlem avBayerische Akademie der Schönen Künste[*], Berlin-secesjonen[*], Accademia delle Arti del Disegno[*]
EktefelleMinna Beckmann-Tube, Mathilde Beckmann
Max Beckmann på Commons

Max Carl Friedrich Beckmann (12. februar 1884–27. desember 1950) var ein tysk målar og grafikar, fødd i Leipzig. Han vert rekna som ein av dei store ekspresjonistiske kunstnarane. Særleg spela han ei rolle som særprega teiknar, portrettør og subtil illustratør.

Etter å ha vitja både Paris og Italia busette Beckmann seg i Berlin i 1904, der han var eit aktiv medlem av Berliner Sezession. Han måla då dramatiske verk i stor målestokk. Frå 1911 byrja han å skape sin eigen stil påverka av modernismen, særleg Pablo Picasso og kubismen.

Han deltok i fyrste verdskrigen som sanitetssoldat. Dei lidingane han då var vitne til førte til at han forma eit ekspresjonistisk forvrengt biletspråk. Natta frå 1918/19 er eit hovudverk frå denne tida. Åra frametter laga han fleire sjølvportrett der han, til dels i ei form som minte om den nye saklegdomen, søkte å avdekke det usikre ved eksistensen. I tillegg utvikla han ei forteljande og myteskapande måleform, særleg i ni triptykon han laga frå 1932 og utover.

Beckmann flytta til Nederland i 1937, då han vart kjend med at nazi-styresmaktene stilte ut hans verk som «entartet kunst». Ti år seinare emigrerte han til USA. Han døydde i New York.

  • Aschehougs kunstleksikon, bind 4. 1996