Hopp til innhald

Pierluigi Casiraghi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pierluigi Casiraghi
Image
Fødd 4. mars 1969
Fødestad Monza

Pierluigi Casiraghi (fødd 4. mars 1969) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Monza. Han var angrepsspelar og med om å vinne UEFA-cupen 1990 for Juventus og fekk VM-sølv med Italia i 1994.

Casiraghi spelte i Serie B og C for heimlege Monza til 1989. Deretter gjorde han teneste i storklubben Juventus i fire sesongar fram til sommaren 1993. Han skåra eitt av måla då Torino-klubben vann UEFA-cupfinalen 1990 med 3-1 over Fiorentina i eit dobbeltoppgjer. Same våren gjekk Juventus også sigrande ut av den nasjonale cupmeisterskapen. Perioden 1993-98 var Casiraghi Lazio-spelar. I ein av dei siste kampane for Lazio måtte han tole tap mot FC Inter i UEFA-cupfinalen 1998. Sommaren 1998 flytta han over til Chelsea FC og den engelske toppserien. I november 1998 vart han alvorleg kneskadd då han kolliderte med West Ham-målvakta, og kom aldri sidan tilbake på bana.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Casiraghi deltok i 44 landskampar for Italia åra 1991-98. Han spelte i tre av kampane under VM i fotball 1994, ei turnering der Italia fekk sølv etter å ha tapt mot Brasil i straffeskyting. I EM i fotball 1996 skåra Casiraghi eitt av Italias tre mål, laget rauk ut allereie i gruppespelet. Til saman skåra Casiraghi 13 mål for landslaget.