Hopp til innhald

PlayStation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PlayStation
Image
Image
Image
Image
Øvst: Logoen til PlayStation

Midten: Den opphavlege modellen
med ein DualShock-kontroll

Botn: Den mindre modellen
med ny design, PS one
ProdusentSony
TypeSpelkonsoll
LanseringJP: 3. desember 1994
NA: 9. september 1995
EU: 29. september 1995
Einingar selde102,49 millionar
Mestseljande spelGran Turismo
(10,8 millionar)[1]
EtterfølgjarPlayStation 2

PlayStation, offisielt forkorta til PS, og gjengs kjend som PS1 eller kodenamnet PSX, er ein spelkonsoll som er utvikla og marknadsført av Sony Computer Entertainment. Konsollen vart lansert 3. desember 1994 i Japan,[2] 9. september 1995 i Nord-Amerika[3] og 29. september 1995 i Europa.[4] Han var den første spelkonsollen i PlayStation-serien, og konkurrerte hovudsakleg mot Nintendo 64 og Sega Saturn på den internasjonale marknaden i den siste halvdelen av 1990-talet.

PlayStation er den første spelkonsollen i historia som produsenten presterte å levere 100 millionar einingar av til marknaden, ein milepåle som vart nådd ni år og seks månader etter lanseringa.[5] I juli 2000 vart ein ny variant av konsollen lansert, marknadsført som PS one. Han erstatta den opphavlege gråe konsollen og fekk eit høvande namn for å unngå blanding med oppfølgjaren, PlayStation 2.

PlayStation 2, som er kompatibel med både handkontrollen og spela til PlayStation, vart annonsert i 1999 og lansert året etter. Dei siste einingane av PS one vart selde i slutten av 2006, like før produksjonen vart avslutta for godt. Dermed hadde PlayStation nådd ein total på 102,49 millionar utsende einingar.[6]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Gran Turismo Series Shipments Hit 50 Million». PC World. Henta 16. august 2018. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  2. ↑ «Business Development/Japan». Sony Computer Entertainment Inc. Henta 16. august 2018. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  3. ↑ «Business Development/North America». Sony Computer Entertainment Inc. Henta 16. august 2018. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  4. ↑ «Business Development/Europe». Sony Computer Entertainment Inc. Henta 16. august 2018. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  5. ↑ «PlayStation shipments top 100 million units». Eurogamer. Henta 16. august 2018. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  6. ↑ «PlayStation Cumulative Production Shipments of Hardware». Sony Computer Entertainment. Henta 16. august 2018. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: PlayStation