Hopp til innhald

Saltaugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltaugle
Saltaugle
Saltaugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Saltaugle
Utbreiinga av Saltaugle
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Megascops
Art: Saltaugle M. hoyi
Vitskapleg namn
Megascops hoyi

Saltaugle (Megascops hoyi) er ein monotypisk medlem av uglefamilien (Strigidae) som lever i eit avgrensa område i Argentina og Bolivia.

Slektsnamnet Megascops slik brukt i dag vart introdusert i 1848 av den tyske naturforskaren Johann Jakob Kaup. Namnet kombinerer det greske ordet megas som betyr «stor» med scops som betyr «ugle». Artsnamnet hoyi heidrar den norskfødde ornitologen Arthur Gunnar Høy (1901-1997) som emigrerte til Argentina i 1951.[1]

Saltaugla er ei lita ugle, 23–24 cm lang og veg 110–145 gram. Ho finst i brune, grå og raudbrune morfar. Ansiktet har ei gråbrun ansiktsskive, kvite augebryn over lysgule auge og har små øyreduskar. Oversida er hovudsakleg brun, gråtona hos den grå morfen og rustfarga hos den raudbrune. Fjørdrakta har mørke, fine vatringar og strek, medan den lukka vengen har ei rad med store lyse flekkar. Stjerten har lysebrune strek og mønstre. Undersida er lys grå til gråbrun med eit okergult skjær, brystet og sidene har tydelege mørke strek med tverrvatring.

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Saltaugla finst i eit smalt belte frå Cochabamba-departementet i sentrale Bolivia sørover til Nordvest-Argentina, så langt sør som Tucumán-provinsen og truleg vidare til Catamarca-provinsen. Ho lever i fuktig fjellskog og tåkeskog med høge tre og mykje epifyttar. Ho er vanlegvis utbreidd frå 1 000 til 2 600 moh., men finst lokalt opp til 2 800 moh. Arten er for det meste standfugl, men individ som hekkar i dei høgareliggjande områda, kan trekkje ned til lågare høgd om vinteren.

Saltaugla søkjer etter føde på og nær bakken, langs skogkantar og i trekronene. Føda er truleg hovudsakleg insekt og edderkoppar, men ho tek òg mindre virveldyr.

Saltaugla legg truleg egga i byrjinga av regntida, i september og oktober. Ho hekkar for det meste i holrom i tre, mellom anna i gamle hakkespetthol.

I 2024 kategoriserte Birdlife International denne arten som ein livskraftig art jamvel om populasjonen er minkande.[2]

  • Holt, D. W.; Berkley, R.; Deppe, C.; P. L. Enríquez; Petersen, J. L.; Rangel Salazar, J. L.; Segars, K. P.; Wood, K. L.; Marks, og J. S. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, og E. (red.). «Montane Forest Screech-Owl (Megascops hoyi), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.mofsco1.01.
Referansar
  1. ↑ Holt et al, Informasjonsboks opna frå artssida for Montane Forest Screech-Owl Megascops hoyi
  2. ↑ BirdLife International (2024). «Yungas Screech-owl Megascops hoyi». IUCN Red List of Threatened Species. 2024. doi:10.2305/IUCN.UK.2024-2.RLTS.T22733712A264110810.en. Henta 16. august 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Saltaugle