Hopp til innhald

Kolomna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolomna
Коломна
by
Image
Sentrum av Kolomna.
Image
Flagg
Image
Våpenskjold
Land Image Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Høgd 125 m
Areal 65,1 km²
Folketal 132 247 (2024)
Grunnlagd 1177
   Bystatus 1781
Postnummer 140400–140415
Retningsnummer (+7) 4966
Kart
Kolomna
55°05′00″N 38°47′00″E / 55.083333333333°N 38.783333333333°E / 55.083333333333; 38.783333333333
Wikimedia Commons: Kolomna

Kolomna (russisk Коло́мна) er ein by i Moskva oblast i Russland med like under 130 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet av elvene Moskva og Oka, rundt 100 km søraust for Moskva.

Image
Kolomna og byens kreml.

Kolomna vart første gong nemnt i 1177 som ein grensepost for Fyrstedømet Rjazan. I 1301 vart han innlemma i Storfyrstedømet Moskva. Mellom 1200- og 1500-talet vart byen gong på gong angripe av Den gylne horden og vart øydelagd fleire gonger. I 1385 vart Kolomna uventa erobra av Rjazan-fyrsten Oleg, men han hamna etter få år tilbake under Moskva. Under den store konfrontasjonen ved Ugra var byen støttepunkt for hæren til Storfyrstedømet Moskva under Ivan III. Mellom 1525 og 1531 vart det oppført eit massiv kreml av stein i Kolomna. På grunn av det nye festningsanlegget vart byen strategisk viktig. På 1500-talet tente Kolomna regelmessig som samlingspunkt for dei russiske troppene for felttoga mot tatarane. Under problemtida på byrjinga av 1600-talet var Kolomna okkupert av polske styrkar.

Seinare var Kolomna mest av alt viktig som handelsby på grunn av plasseringa ved ein viktig transportveg. 1775 vitja den russiske tsarina Katarina II Kolomna. Ei tid seinare, i 1778, vart arkitekten Matvej Kasakov send til Kolomna for å utvikle ein generalplan for omforminga av byen og i 1784 vart denne planen sett i verk.

I 1862 vart Kolomna knytt til jernbanenettverket då bygginga av jernbanen mellom Moskva og Rjazan nådde byen og dette gav støyten for den industrielle utviklinga i byen. I 1863 vart ein lokomotivfabrikk og ein maskinbyggingsfabrikk grunnlagt og same år fekk Kolomna eit offentleg sjukehus. I 1864 vart ei jernbanebru over Oka opna og dette gjorde det mogeleg å forlenge jernbanen til Rjazan. Streikebølgjene under revolusjonen i 1905 nådde òg arbeidarane i Kolomna.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]
Image
Gågate i Kolomna.

I likskap med enkelte andre gamle russiske byar har Kolomna ein kreml. Kremlen i Kolomna, som vart bygt på 1500-talet, var ein del av Den store abatisgrensa. Fleire tårn og to seksjonar av murene er bevart og heldt i god stand. Det ligg eit museum på innsida.

Innanfor kremlmurane ligg òg Uspenskajakyrkja (bygt 1672–1682), klokketårnet (1825) og ein biskopresidens frå 1700-talet. Inne i byen finst òg Bogojavlenskajakyrkja frå slutten av 1600-talet, Vosnesenskajakyrkja (1799) og to kloster frå 1300- og 1600-talet.

Kolomna har òg eit litteratur- og eit lokalhistorisk museum.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Kolomna er i dag ein viktig industri- og vitskapsby. Den viktigaste verksemda i byen er Kolomna diesellokomotivfabrikk. I tillegg finst føretak innan maskinbygging, byggematerial og næringsmiddelindustri.

I Kolomna finst fleire høgskular, som Kolomna pedagogiske institutt, eit geistleg seminar og ein filial av det militære artilleriuniversitetet.

Kolomna ligg på Rjazan-Moskva-jernbanen. I Kolomna ligg jernbaneterminalen Golutvin (russisk: Голутвин) og fem jernbanestasjonar.

Byen har to bussterminalar. Ein terminal ligg i byområdet Golutvin og den andre i «Gamle Kolomna». Kolomna har òg 10 trikkelinjer.

Kolomna ligg ved to store elver og har ei elvehamn med fasilitetar for passasjer og varetransport.

Image
Kolomna kunstisbane.

Kolomna var vertskap for EM på skeiser 2008.

Kjende personar frå Kolomna

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Kolomna