Hopp til innhald

Sommar-OL 1904

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sommar-OL 1904
Image
VertsbySt. Louis i USA
Nasjonar12
Øvingar91
Idrettsgreiner17
Opna11. juli 1904, av David Francis
Avslutta23. november 1904
Utøvarar
Menn645
Kvinner6
Totalt651
Dei olympiske sommarleikane
Paris 1900 Image Aten 1906

Sommar-OL 1904 vart halde i USA, og vertslandet vart òg beste nasjon. Noreg fekk to gullmedaljar.

Leikane var opphavleg tildelt Chicago, men ettersom Saint Louis skulle hysa verdsutstillinga det året insisterte dei på å arrangera leikane i tillegg, med trugsmål om å halda eigne, konkurrerande idrettsarangement dersom så ikkje skjedde.

Som Paris-leikane i 1900, som òg vart haldne parallelt med ei verdsutstilling, kom dei olympiske leikane i skuggen av dei betre vitja kulturelle arrangementa. Arrangementa strekte seg over to månader, med heile 96 «olympiske» tevlingar. Berre 42 av dei hadde deltakarar som ikkje var frå USA.

Desse leikane var dei første der ein i tillegg til gullmedalje òg delte ut sølv- og bronsemedaljar til dei som tok andre- og tredjeplass.

Image
Tautrekking vart ei olympisk øving i 1904.

Medaljestatistikk

[endre | endre wikiteksten]
Dei beste nasjonane Image
PlassLandGullSølvBronseTotalt
1Image USA788377238
2Image Tyskland44513
3Image Cuba4239
4Image Canada4105
5Image Ungarn2114
6Image Blanda lag1102
7Image Storbritannia1102
8Image Hellas1012
9Image Sveits1012
10Image Austerrike0011

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]