Vinter-OL 1924
| Vinter-OL 1924 | ||
| Vertsby | Chamonix, Frankrike | |
| Nasjonar | 16 | |
| Idrettsgreiner | 9 | |
| Opna | 25. januar 1924, av Gaston Vidal | |
| Avslutta | 5. februar 1924 | |
| Utøvarar | ||
|---|---|---|
| Menn | 247 | |
| Kvinner | 11 | |
| Totalt | 258 | |
| Dei olympiske vinterleikane | ||
Vinter-OL 1924 vert rekna som dei fyrste olympiske vinterleikane. Idrettskonkurransane, som vart skipa til i Chamonix i Frankrike, vart opphavleg kalla Semaine des Sports d'Hiver («Vintersportsveka»). Veka vart arrangert i samband med sommarolympiaden i Paris. I ettertid gav den internasjonale olympiske komitéen (IOK) dette arrangementet status som dei fyrste olympiske vinterleikane.
Det vart delt ut medaljar i 16 øvingar og 9 idrettsgreiner. Nokre øvingar, som curling og militært patruljeløp, er seinare blitt rekna som demonstrasjonsøvingar. Det vart ikkje føreteke noko slikt skilje i 1924, og i ettertid har IOK gått inn for å godkjenna også desse. Så seint som i 2006 blei curling godkjend som ei fullverdig OL-øving, og deltakarane eller arvingane deira fekk rette medaljar.
Noreg tok fire gullmedaljar, tre av dei kom ved Thorleif Haug. Han vann begge langrennskonkurransane (15 km og 50 km) i tillegg til kombinert. Nordmannen Jacob Tullin Thams vann hoppkonkurransen. I kunstløp kom knapt 12 år gamle Sonja Henie på åttande og sisteplass, i dei følgjande tre leikane skulle ho vinna gull kvart år.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Harald Strøm, som deltok på skeiseløp.
Idrettsgreiner
[endre | endre wikiteksten]- Bobsleigh
- Curling
- Ishockey
- Kunstløp
- Nordiske greiner
- Patruljeløp
- Skøyteløp
Medaljestatistikk
[endre | endre wikiteksten]| Dei beste nasjonane | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Nr. | Land | G | S | B | Totalt |
| 1 | 4 | 7 | 6 | 17 | |
| 2 | 4 | 4 | 3 | 11 | |
| 3 | 2 | 1 | 0 | 3 | |
| 4 | 2 | 0 | 1 | 3 | |
| 5 | 1 | 2 | 1 | 4 | |
| 6 | 1 | 1 | 2 | 4 | |
| 7 | 1 | 1 | 0 | 2 | |
| 8 | 1 | 0 | 0 | 1 | |
| 9 | 0 | 0 | 3 | 3 | |
| 10 | 0 | 0 | 1 | 1 | |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Engelsk Wikipedia
- Om medaljegodkjenning i ettertid på timesonline.co.uk